Savna deg morfar det var trist å få høre at du døde
Dagane e skikkelig tunge for tida og tårene sitte laust. Ej tenke på dej og savna dej heile tida, kjære og gode papien min 😢💔
Savna dej heile tida, kjære pappa 🥹💛
1 måned uten verdas beste pappa og morfar 💔 Vi savna dej sårt 💛
4 veke uten verdas beste morfar og pappa. 🥹😢💔 Vi savna dej og tenke på dej kvar dag! 💛💛💛
Klem frå 3 av jentene dine 😘🥰💛
Du som kjørte ned grøfta i hareid når det var is😂 var en morosam minne men du er savna kvil i fred no☺️💛
Kjære onkel Sigurd. Du var virkelig god til halde kontakta i familia, det skal du ha. Du stakk innom oss frå tid til anna i Tjørvåg, og du har våre på besøk med oss i Oppstryn to gongar. Ein gong i gamlehuset og ein gong i nyehuset på Hjelle. Då hadde du liksom oversikta 😊 du hadde med deg Leonard begge gongane, så at du er ein morfar/farfar som blir stort sakna, er sikkert. Du var så lik både Pappa og farmor i sinn og skinn. Huska alle navn og kjende masse folk! Kjem til å sakne deg i alle familiesamenkomsta! Eg huska den kule retro-bobilen din som du kom med i Hjelledalen, du og Leo - dåkke sov uttafor huset vårt ei natt, då fekk vi snakka ilag både om kvelden og morgonen før eg drog på jobb. Takk for gode minne, onkel Sigurd 🥰
Kjære Onkel.
I dag skal vi ta et siste farvel med dej.
Ej he monge gode minne, og sjøl om du av og til var kjapp og brå i replikken, var du stort sett altid i godt humør, Eg huska nokre bussturar, eg fek vere med til Selje ein gong. Og eg har hatt ein god del bussturar heim frå skule, vel og merka via flø, ettersom du kjaure flø-ruta som gjekk til Varleite etterpå.
Kvil i fred Onkel du vil ikkje bli gløymt
Kjære Sigurd, dette kom brått på. Det blir rart å ikkje høyre deg bromme om saker og ting lenger.
Eg huskar første gong eg traff deg. Eg var då ein beskjeden kar frå Hareid som hadde tørt meg på biltur til vik for å sjå film med Bodil. Du kom brasande inn døra etter ein ferietur i Tyrkia om eg ikkje huskar feil å stilte meg til veggs å spurte om eg var kavaleren til Åsta som også var på besøk. Du gjorde inntrykk frå dag en, men ikkje verre enn at eg er at med Bodil fortsatt.
Eg veit at du har vore ein god far for Bodil nåke eg fekk føle då vi venta vårt første barn, navnet skulle vere Sigurd. Det var ikkje ope for forhandling. Slik som livet ellers blir ikkje alt som forventa å guten kom ut som ei jente. Han med apparatet i Volda var vist ikkje veldig treffsikker på kjønn. Derfor blei det Sienna i staden, S for deg.
Eg har såtte veldig pris på korr mykje tid og kjærleik du har gitt til mine ungar. Du har vore veldig flink å vise dei ting som har vore viktig for deg. Alle tre har fått bli med på bobilturar, då med den obligatoriske karbis og stappemiddagen og fått eit forhold til Dansefot som eg trur få jamnaldringar har.
Du har også til tider vore privatsjåfør for spesielt Sienna, eg trur alle hennar vennar har vore med potetbilen heim frå skule ein eller anna gong. Jonah har også blitt henta titt og ofte og i tillegg har han deg som sin første arbeidsgivar, potetstablar for potetmannen.
Du har også vore ei uvurderlig støtte for meg og Bodil når det gjeld å få kvardagen til å gå opp. Du har passa ungar, henta ungar og hatt dei utallige gongar på overnatting. Det med overnattingar trur eg faktisk du syns var koselig sjølv også. Spesielt no dei siste åra har du og Leonard hatt mange kjekke dagar og bilturar i lag. Han har fått klatra på padda i Austefjorden, henta potete ned i dalane, plukka opp jordbær i Valldala for å nevne nåke. I tillegg til det har du hatt litt problem med å seie nei til han så han endte alltid opp med nåke på butikken.
Dei første åra som ung familie spiste vi nesten oftare middag med deg enn heime, vi har vore heldige og fått tilgong til masse god mat laga med den største kjærleik. Trur ikkje du var spesielt imponert over det vi klarte å koke i hop sjølv, men eg fikk no i det minste godkjent på den siste julemiddagen vi delte no i jula 2023. Du feira den at med oss ut på Dimna og eg huskar du kom inn at med min bror og mor som hadde plukka deg opp så du skulle sleppe å kjøyre. Du hadde på vegen sagt at dette blir nok di siste jul. Vi tok det selvfølgelig ikkje alvorlig og vitsa med det at med deg, lite viste vi då at du fekk rett. Du var nok ein del dårligare enn du såg ut og pakka det inn i eit genuint ønske om å vere der for dine å hjelpe dei med det du kunne. Det var ikkje monge dagane etter du hadde komt heim frå sjukehuset før du ringe å spurte om vi skulle ha middag.
Når min far gikk vekk kjøpte mor mi ein robotklippar ho gav navnet Harald, du hadde ikkje helse til å gå å klippe plen sjøl så vi kom til at du skulle kjøpe deg en slik du også. Når det kom til navn så valgte du Idioten, så sto du i vinduet da å såg på at Idioten dreiv å kjørte sej fast. Heldigvis hadde du servicemann på både den, dataen og mobilen. Den jobben fekk eg uten å eingong søke. Sjølv om det falt nåken gloser oss i mellom når vi holdt på med både, klippar og teknologi var det fint å kunne gi nåke tilbake også.
Eg lovar å starte Idioten i år også. Takk for alt du var Sigurd, kvil i fred, håper du får kjøyre bobil der du er.
Kjære gode og snilde pappaen min. 🥹💛
Et av mine verste mareritt og nåke av det ej he frykta aller mest her i livet he skjedd: DU ekje her meir. Det ekje til å fatte. Aldri meir skal ej få prate med dej eller sjå dej meir. Klemme dej. Ingen gode pappamiddag skal vi få spise igjen.
Huska du ofte va rett og slett fortvila fordi ej ikkje bakte brød eller lagde middag frå botnen av. 😄 Monge gonga når du skulle lage ballj til middag sa du at ej måtte komme å lære mej å lage det. «Tenk når ej ikkje e her meir.» Og faktisk lagde vi ballj i lag to gonga i haust. Når ej prøvde å skrive ned ei oppskrift so va det vanskelig. For det va «en nøve med det, litt ta det, til det ser passelig ut!» Men ej skal nok prøve å lage det uten dej sjøl om ej ikkje he oppskrift. 💛
Tusen takk for at du he vore verdas beste pappa OG mamma for mej. Du he alltid gjort ditt beste og det va meir enn godt nok. 🥹💛 Tusen takk for at du he vore verdas beste morfar for Håkon og David. 💛💛 Vi savna dej so det gjer låkt i hjerta våra. 💔💔💔
Ej arva temperamentet ditt, pappa. Det ekje det tvil i! Derfor va det ofte du og ej krangla. Oftast om mindre alvorlige greier, men av og til større ting. Men vi vart alltid venna igjen, sjøl om vi begge meinte den andre burde ta den første telefonen ette en krangel. 😅
Når ej va livredde og folle i angst fordi ej va redde for å vere aleine med gutane når dei va små og Ivan va i Nordsjøen so fikk vi ALLTID komme å overnatte med dej. Du va småbarnspappa sjøl om du egentlig va morfar. Og ej e evig takknemlig! 💛
Ette du kom på sjukeheimen i slutten av mars besøkte ej dej heldigvis mykje. Fleire tima i gongen. Vi såg på tv i lag, snakka og kosa oss. Ej trilla dej ei runde på sjukeheimen eine kvelden og du møtte masse kjentfolk og fikk gjere nåke av det kjekkaste du visste: snakke med folk. 💛
Siste gongen ej såg dej i live va mandag 1. april. David og ej kom på besøk og vi va der ei god stund. Tante Solrunn og onkel John kom også innom og stemninga va god. Og du va i fin form og tøysa og flira.
So når Klaus ringte mej torsdag 4. april og fortalte at du dessverre va død kom som et vanvittig stort sjokk på mej. Det e nåke av det verste ej he måtta fortalt til Håkon og David.
Ej håpe du he det bra no, kjære pappa. Ej håpe du ikkje va redde eller hadde det låkt når du forlot oss. Og at du ser oss, passa på oss og at du ser kor glad i og kor stolt vi e i dej. 🥹💛 Ej glømte å sei det til dej i kapellet, men den dagen du døde tok ej tilbake mellomnavnet mitt (so ej fjerna ette en store krangel vi hadde i 2021). Susanne Sigurdsdatter Sundgot.
Sov godt og kvil dej no, pappa. 🥹😭💛💔
Glad i dej for alltid! 💛
Store klem frå storepia mi, Susanne
Kjære onkel Sigurd️
Du hadde alltid opa dør, og du hadde alltid tid til å slå av ein prat. Kvar gong vi møttest lurte du på korleis det stod til, kva eg gjorde på, korleis det gjekk med ungane mine når eg hadde fått det. Alltid omtanke for andre, alltid interessert og alltid glimt i auge, uansett om du av og til kunne høyrest kvass ut.
Ungane mine vart alltid tatt godt i mot, og du hadde godt lag med dei.
Vi vil huske og ta vare på alle gode minna etter deg️❤️❤️
Kvil i fred gode onkel Sigurd
Takk for mange gode minner.
Kjøre morfar ej kjem aldri til å gløyme dei gongane du passa på oss og alle dei gode middagane du lagde❤️💛 Vi savna dej veldig mykje️, Kvil i fred morfar️❤❤️💛💛
Kjære Onkel,
Med dej var døra alltid åpen, og i ei god periode var ej innom nesten daglig. Ej kunne vere heime med dokke i timesvis, men opplevde aldri å bli jaga heim, og holdt du på med matlaging fikk ej som regel spørsmål om ej ville ha mat. Du laga den beste fiskesuppa, so dersom det var den du kokkelerte måtte ej smake litt. Du kunne vere kjapp og brysk i kommentarane, men vi som kjente dej visste godt at det berre var godheit i deg. Du vil etterlate eit stort tomrom. Kvil i fred.
Onkel Sigurd, du var raskare enn alle i replikken og aldri redd for å uttrykke meininga di. I juleselskapa kunne ein høyre eit rungande "PØH!" frå "voksenbordet" når du var ueinig i noko. Det fekk eg også oppleve sist eg var heime, for då kom du på besøk og då krangla du og pappa om når Sotrabrua var bygd.
Kvil i fred, onkel.
Minna er mange og gode ! Han vil for alltid vere min Onkel med stor O.
Kokko, kalla eg han dei aller fyrste åra.
Dei åra han bodde på Grønland og jobba på båt var han heime berre glimtvis:
Plutselig ein dag hadde me Overraskelsesbesøk av en smørblid Onkel og ein uforståelig kompis som eg trur heitte Titken. Dei sat på kjøkenet og åt speilegg og flira ein tidlig morgen då eg sto opp. Ej elska det når Onkel var heime. Han fann på mykje kjekt, og førte med seg ekstra liv og røre i huset.
Sommar-søndagsbiltur til Stryn og Røyrhus med «Brune-Mærsjå» før ho vart gul 😊 Eit minne som Petter, Marte og eg vil bere med oss for alltid.
Onkel som «liksom-køyrde på» oss. Med kulerund aue og tøysefjes der han sat bak rattet.
Husbygging; i min hukommelse var eg sjølvoppnemd bygg-inspektør. Sidan Onkel stort sett var på Grønland, og eg var heime og kunne passe på.
Men SO kom han altså heim, ein dag, tidlig på våren i 1983, med verdens snillaste Jako; og verdens skjønnaste John Pelé på 8 mnd.
Dei flytta inn heime med oss; og det var nokre herlige veker Dei hadde kjempegode Grønlandskarameller oppå rommet. Men huset deira vart heilt ferdig og dei flytta ned til seg sjølve. Og stakk dermed av med min levande, lissje Dokke-John.
Eg var ni år, og Onkel og Jako lot meg halde, bere på, trille og leike med John alt eg ville. Og både John og eg digga å snurre i stresslessen til Onkel. Slik sovna forresten John veldig ofte; snurrande i min armkrok.
Onkel ringe ofte opp til oss for å spør om eg (eller Petter)kunne kome ned å overnatte; han hadde nattevakt, og Jako var mørkeredd. Omtrent kvar 3. natt, i mange år, sov ein av oss dermed der nede.
Det er kjempelett å gjenkalle stemma til Onkel i hovudet: «Drosje» og «E du der Løset ?!» Han var også den fyrste eg kjende som fekk seg mobiltelefon. Eit digert dróg som han bar med seg i ei veske.
Ned med onkel var der alltid god middag å få om eg ikkje hadde lyst på det vi hadde opp med oss.
Han laga veldig mykje god mat ! Verdens beste brune-sos, rekebaguettar, kjøttkaker, fiskekaker og søndagssteik. Og so skar han alltid opp gullerøtene så fint på skrå før han kokte dei.
Han hadde også «Minuttvisp» - det fantest ikkje opp med oss. Det var ein slags pulverfløtekrem med nauta god smak, som Onkel blant anna brukte til vaflene.
Me hadde utallige Tv-kveldar med nytrakta te. Nede med Onkel vart traktaren brukt kun til Earl Grey, og der fekk eg ha oppi so mykje sukker eg ville.
Verdens kjekkaste Onkel tok favoritt-onkel-jentene med på «Verdens verste campingtur» til Holbæk for å hente heim Jako og John, sommaren 87:
Campingbilen var grøn, gammal og leigd.
I løpet av turen brotna gasspedalen.
Ein stor lastebil gav oss haik nedigjennom Sverige, og Onkel briljerte med sin fantastiske Dansk-Svensk-Finsk 🤣 og taut i veg med sjåføren.
På returen nordover fekk me motortrøbbel ved Liseberg. Medan vi venta på reparasjon tok me ein karuselltur og kjøpte pizza.
Altfor mykje pizza; mekanikarane også fekk rikelig. Me kom oss litt vidare, men ein
øydelagd dynamo gjorde at lysa, og blinklyset, ikkje virka, og so me vart eskortert av svensk politi til nærmaste campingplass; der fekk eg ei spyklyse i fleisen, men det var ikkje akkurat Onkel sin feil. Komboen Liseberg, Pizza, 3-etasjers-seng og ein sovepose det var vanskelig å kome seg ut av, får ta den skulda.
Men denne Capingbilturen vart legendarisk både for han og for oss. Og er eit minne det jevnlig blir snakka om.
Midt i sommerferien i 85 kom systene til verda. Og Onkel var like mykje i sving med bleieskift, flaskesterilisering, morsmelkerstatningsbrygging og byssing som Jako.
For meg har det alltid sett ut som han kosar seg godt Ilag med ungar. Måten hans å sjå, og å kommunisere, med ungar på var så uanstrengt og naturlig. Han var interessert, og glad i å tulle og tøyse; både med oss onkelungane, nabo-ungar, sine egne ungar og barnebarn, og skulebuss-ungar.
Onkel hadde oftast eit lureglimt i augene, og kjappe replikkar. Og han kunne brumme litt i ny og ne, og prøve å late som han var litt skummel. Men han lurte ikkje oss.
Me har hatt mange julefeiringar, og andre feiringer ilag. Der var best plass der ned med Onkel, så det vart ofte der me feira. Sjølvsagt alltid med fantastisk Onkel-mat.
Eg har alltid fryda meg over sangstemma hans. Når vi gjekk rundt juletreet, for eksempel, tok han gjerne andrestemmene, og Det lyser i stille grender kunna vi for min del ha sunge igjen og igjen Han gjorde den så fin !!
Han var glad i å synge og hadde altså kjempefin stemme. Eg lurer på kvifor han ikkje vart med i mannskoret
«Bamses venner», «Dansefot»
Eg møtte faktisk Onkel i Hånnjdalen på Danseband-kveld for få år sidan. Kjaurde han tilbake til campingbilen etter at dansen var slutt. Kjekt at vi langt på veg hadde same, gode musikksmaken. Han burde ha gått på swing-kurs, også, medan han hadde føter til det.
Eg har nevnt kor godt han kommuniserte med ungar, men prata, tøysa og tulla gjorde han med folk i alle aldrar, og det fortsatte han med til det aller, aller siste. På sjukeheimen tøysa han både med pleiarane og dei andre beboarane.
Me er heldige som hadde ein slik snill, brummete, tøysete og kjekk onkel.
Minna får fram gode, varmefølelsar; me veit han var glad i oss og ville det beste for oss.
Tusen takk for alle gode minne. Du er sårt sakna. Kvil i fred kjære Onkel ️
Tove
Onkel Sigurd var alltid glad i å ta oss med på biltur. Når eg var 10 år fekk eg også vere med på ferie til Danmark med Mercedesen, og hugsar det var stor stas.
Onkel kunne av somme bli oppfatta som brysk og irettesettande med sine treffande kommentarar, men me som var tett på visste det som regel var med glimt i auge og at han var veldig mjuk og omsorgsfull innst inne.
Han gjekk ikkje av vegen for å la andre få vite kvar skapet skulle stå. Ein kamerat av meg observerte onkel på ferga frå Hareid ein gong, der ein annan bilførar hadde snike i køa. Onkel gjekk bort og kakka på ruta, og då føraren sveive ned, tok onkel av han solbrillene, folda dei fint samman og putta dei i brystlomma hans, før han ga han ei lekse om korleis ting fungerer.
Ein annan kamerat av meg, som nettopp hadde kjøpt seg Golf GTI, gjorde eit forsøk på å køyre forbi onkel oppover Eidet, men skulle fort få erfare at Mercedesen ikkje var til å kimsa av, og måtte fint legge seg attom igjen før dei nådde toppen.
Takk for alle gode minner, onkel Sigurd!
Kjære god onkel Sigurd.
Gult hus, gul bil, gult er kult. Men gult kan og stå for den varmen du gav, og som lyste opp livet til dei rundt deg. Du var ein meister på humor og ironi. Med dine skarpe replikka og vittige humor kunne du få alle til å flire. Du visste akkurat korleis ein skulle sette ein ironisk snert på ting og skape morosame augenblink. Minnet om dine vittige kommentarar og replikkar vil alltid vere med meg. Du var verkeleg ei omsorgsfull sjel som tok godt vare på dei du hadde rundt deg, og du diska opp med den beste maten både når vi var få rundt middagsbordet, og når vi var samla heile gjengen. Alltid andre sitt ve og vel. Aldri sparte du deg sjølv. Takk for alt onkel. Di godheit og omsorg vil eg i minnet lagre.
Finaste morfaren min, tusen takk for alt du he lært mej. Du he vist mej styrke gjøna alle kampane du he kjempa, heilt til siste sekund. For evig glad i dej. Kvil i fred verdas beste morfar❤️😭🚌
Kjære onkel Sigurd ️ Takk for alle turane i gule-mærsja, alle gode måltid og artige historier! Du vil bli sårt sakna, men minna lever vidare ️ Kvil i fred ️
Verdens beste onkel Sigurd. Skarp, men samtidig rund i kantane. Omsorgsfull og alltid full kontroll på oss rundt dej. Dei aller, aller beste karbonadene, som ej heldigvis he sikra mej oppskrifta til. Kvil i fred, kjære onkel Sigurd. Vi savna dej.
Kjære morfar ej kjem aldri til å gløyme dej og alle dei gongene du gjor mej glad og da du lærte mej å lage mat
Hvil i fred kjære morfar️❤❤️😭
Når eg yngre å gjekk på skule, skraut eg over at onkelen min var bussjofør, då bussen stoppa, gjekk eg stolt ombord å sa "Hei onkel Sigurd!", då svara han "Høø, ej ekje onkelen din!" Alle i klassa såg rart på meg og lurte på kvifor eg laug om noko slikt 😂 Tusentakk for alle gode måltid du har laga, alle poteter og gulrøtter du har solgt oss og alle artige historier du har fortalt, du kjem verkelig til å bli sakna. Kvil i fred 🌹
Kvil i fred, morfar. Eg vil aldri gløyme dei kjekke tinga vi gjor i lag 🤩 Glad i deg for alltid kjære morfar 💛
Takk for alt. Siste hilsen Jako. Jakobine Eliassen